Lese- og skriveutvikling for barne- og mellomsteget
Målgruppe
Studiet er retta mot lærarar som vil ta vidareutdanning i skulefaget norsk. Internasjonale undersøkingar og nasjonale prøver har vist at lese- og skrivekompetansen til norske skuleelevar ikkje er så god som forventa. Fagfeltet lese- og skriveopplæring har derfor blitt viktig dei siste åra. God lese- og skriveopplæring er ein føresetnad for læring i alle fag for alle, og særleg dei som kan utvikle lese- og skrivevanskar eller har norsk som andrespråk. Studiet er svært relevant i forhold til Kunnskapsløftet og innføringa av ny læreplan (L-06) med vekt på elevane sin lese- og skrivekompetanse.
Læringsmål
Studentane skal utvikle kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Dei skal tileigne seg kunnskap om stimulering og utvikling av gode lese- og skriveferdigheiter. Studentane skal utvikle kunnskap om korleis ein førebyggjer lese- og skrivevanskar, og didaktisk refleksjon omkring IKT i skrive- og undervisningssamanheng vil stå sentralt i studiet.
Aktuelle tema
- Utvikling av lese- og skrivekompetanse (15 stp)
- Lesing og skriving i ulike sjangrar (7,5 stp)
- IKT og språkleg samhandling (7,5 stp)
Studiested
Ditt lokale studiesenter
Opptakskrav
Lærarutdanning (forskule- eller allmennlærar)
Søknadsskjema
be om søknadsskjema
Utdanningspartner
Høgskulen i Volda
Studieform
- Undervisning på ditt lokale studiesenter. Dette foregår som videokonferanse med dialog mellom forelesar og studentar. Første undervisningsøkt vert avvikla medio september. Totalt 15 lokale samlingar a 2 timer.
- Leksjonar på internett. Første leksjon blir lagt ut i september.
- Diskusjonsforum/kommunikasjon
- Evt. lokalt kollokviearbeid
- Eigenstudium, gruppeoppgåver og oppgåveinnlevering
Faglige kontaktpersonar:
Pål Hamre
Telefon: 70 07 52 69
Epost: phamre@hivolda.no
Kjell-Arild Madssen
Telefon: 70 07 53 28
Epost: kam@hivolda.no
* Prisen dekker ekstrakostnader ved å tilby utdanningen på lokale studiesentra. Pris kan variere litt fra studiesenter til studiesenter - sjekk derfor alltid med ditt lokale studiesenter (der du vil følge utdanningen)!